Packarden tilbake til Vats

Det er ein stor dag for Kåre Berg. Flagget hans heime i Vats er heisa til topps og vaiar så vidt det er i den svake vinden. Sola prøver å bryte gjennom skydekket, men greier det berre tidvis. Ute på gardsplassen spring Kåre fram og tilbake mellom hallingstugu og hovudhuset. Han ventar storfint besøk. Alt må vera på stell før det amerikanske gliset kjem til gards.
Program
Hallingdolen
Dato
30.03.2016.
Lengde
03:01

Kommentarer

(logout)