Hallingkveld

Ål mållag arrangerte Hallingkveld i Ål kulturhus 2. november. Sjå opptak av artistane her. Med: Tonje Halbjørhus, Kjersti Anderdal Bakken, Tori Snerte og Daskebandet. 

Program
Framside Stripe
Dato
09.11.2017.
Lengde
19:54

Kommentarer

Eg har lyst til å seia litt om knoting. Her blir det kritisert som noko styggedom, men i høve til gamal og ”ekta” hallingdialekt, så knotar me alle, sjølv om me puttar inn eindel eksotiske lokaluttrykk i talemålet. Knoting er naturleg. Det er slik talemålet endrar seg. Hvis ein ikkje kan godta knoting, så må ein bli språkekstremist. Det kan vera vanskeleg. Kva årstal var hallingdialekten rett?
For meg som snart er 70 år, så blir knotinga hjå fyretalskvinna her ganske merkbar, og enkelte uttrykk som ho brukar har det eg vil eg kalle grove feil. Særleg bruken av dikkon. Fleirtalsendingar er så og seia heilt borte. Under er nokre døme på feil dialektbruk slik det framstår for meg. Altså rett og slett knoting.



Dikkon ha sikkert høyrt
Sånn
besvart
Dei hadde sleppt
Nyhetsopplesera
Som dikkon sikkert kjenne te
so skil me uss ut
me æ sjarmera
det si me faktisk ikkje
siti å hørt på uss
æ blitt forskjellig frå korandre
eg har aldri møtt
dei æ veldig nyssgjerrige
særegenhet

Arne Moslåtten
(logout)